

Vielleicht hat ja jemand kurz Zeit und Lust, das sinngemäß verständlich übersetzen?
Lure kulturminneområde - historisk idyll
Tinn Austbygd, Telemark: Lett, familievenleg tur i eit historisk landskap langs den gamle bygdevegen ved Lurefossen. Stien er forholdsvis flat og tørr, og du finn kvilebenkar og infotavler undervegs.
Køyr 7 km frå Ausbygde sentrum mot Tessungdalen til Lurheim grendehus. Frå p-plassen ved Lurheim går du rett over hovudvegen, der startpunktet for stien er skilta med kulturminneområde. Herfrå følgjer du stien innover i skogen til første kryss. No er du på den gamle bygdevegen. Her tek du til venstre mot Jordeskås, restane etter garden der Jon T. Rue/Snowshoe Thompson budde i mange år med familien sin. Frå Jordeskås går du same vegen tilbake, og i løypekrysset fortset du mot Lure Bru. Undervegs finn du infotavler. Området rundt brua er fint for ei matpause og ein spasertur blant kulturminna knytt til fossen.
Vielen Dank im Voraus