Hei alle zusammen,
ich habe eine Bitte, kann mir wer den folgenden Text übersetzen?? Ich würde mich sehr darüber freuen.
Tusen tusen takk Franzi
Kjell Vidar Braaten frå Seljord er ein travel hestetrenar. Om natta jobbar han som bakar i Flatdal, medan dagane går med til å trene dei kring 30 firbeinte på stallen i Vefall. Braaten har investert mykje for hestane, og har mellom anna kjøpt eit vibrerande golv til å førebyggje og pleie skadar. Kombinert med store luftegardar og bratte bakkar skal hestane vera med å kjempe om sigrar. Til helga er to av hestane han trenar i aksjon under påsketravet på Klosterskogen i Skien.
– Blir det noko søvn?
– Det hender det, smiler Kjell Vidar Braaten.
Hestetrenaren frå Vefall er ein travel mann. Han byrjar på jobb i Aasmundsen bakeri i Flatdal klokka to om natta. Frå klokka elleve om føremiddagen er det hest som gjeld fram til åtte-ni-tida om kvelden. Kveldane det er løp blir det endå seinare.
– Det hender eg har problem med å rekkje jobben, seier han med eit smil.
Men han er ikkje åleine om å ta seg av dei 30 hestane på stallen. Stall Ruskeli har fire tilsette, ein i full stilling. Kjell Vidar Braaten har drive med hest i tjue år, men det er fyrst dei siste tri åra han har trena hestar for fullt.
Hesteeigarar frå fleire stadar i sør-Noreg har sine firebeinte hos Kjell Vidar Braaten, men framleis er det eit par ledige båsar i stallen.
Systematisk trening
Det er som regel kuskane som blir trekte fram og får æra når hestane gjer det bra. Men bak ein siger ligg det alltid mangfaldige timar med systematisk trening. Braaten er likevel ikkje misunneleg på merksemda kuskane får.
– Eg veit kva eg gjer. Dei som driv med hest veit kva som skjer, og det einaste som tel er resultata til hestane på stallen, seier Braaten.
– Korleis går du fram for å trene ein hest?
– Treninga kjem sjølvsagt an på alder, hestetype og liknande. Eg har eit eige treningsprogram for kvar hest, der det står kva han skal gjere kvar veke. For hestar som går løp blir det lite trening og meir kvile for å finne forma, forklarar han.
– Det er mykje det same som med folk, legg han til.
– Kor godt kjenner du hestane?
– Stålkontroll vil ein aldri ha, i og med at det er dyr det er snakk om. Det er lett å gjere feil, og det er viktig å stoppe tidsnok for å unngå skadar, seier Braaten.
Vibrerande golv
For halvannan månad sidan kjøpte han eit vibrerande golv til 240.000 kroner. Dette skal både vera med å førebyggje skadar, men også gjere hestane fortare friske att.
– Hestane står ein halv time om gongen på golvet. Dei som er skada blir prioriterte og har to-tri økter på golvet i løpet av dagen. Hestane kan vera friske i løpet av ein månad av skadar som normalt tek to-tri månadar å lege, forklarar Braaten.
Også etter treningsøkter blir golvet bruka til å mjukne opp møre bein. Braaten har også laserapparat til å behandle skadar, men golvet er meir effektivt.
Det er hard konkurranse blant trenarane for å skape dei beste hestane, og Braaten understrekar at det er viktig å hengje med i utviklinga.
– Ein må fylgje med. Hestetrenarar blir berre målt etter resultat, seier han.
Opp til garden hans i utkanten av Seljord er det ein kilometer med bratte bakkar, noko som også viser seg på travbanen. Hestane Braaten trenar er kjende for vera gjennomtrena og halde heilt til mål.
Braaten trur også store luftegardar, der mange hestar går saman, er med på å gjere at hestane trivst og er i godt humør, og dermed gjer gode løp.
Lisens
Frå hausten får han lisens. Han har kome inn på den avsluttande delen av trenarskulen. Det betyr automatisk fem prosent av premiepengane hetsane på stallen køyrer inn. Men sjølv om han har satsa stort på stallen understrekar han at han ikkje har blitt rik av yrket.
– Lange dagar, lite pengar, smiler han.
Han har budsjettert med at stallhestane skal køyre inn ein million kroner i år. Alt under karakteriserer Braaten som skuffande.
Det er som regel hestetrenarane som både plukkar ut kva løp hesten skal gå, og som vel kuskar.
– Det gjeld å finne løp som passar til hesten. Det som tel er kva som er best for hesten. Eigarane har overlete ansvaret til meg. Me har same mål, og det er å få inn mest mogleg pengar, seier han.
Braaten har trenar dei fleste hestetypane. Unge og gamle, talent og «vrak».
– Det er utruleg moro når ein får ein hest som har hatt store problem og klarer å få han på rett kjøl att. Ved å få inn gode hestar på stallen har ein eit større forventningspress, forklarar han.
På nittitalet hadde han også sin eigen hest på stallen. Ruskelispretten køyrde inn halvannan million.
For tida har han fleire gode hestar på stallen. Flatdølen Anders G. Evje har mellom anna hestane New Legend og Chal Cheval i Stall Ruskeli. Braaten trekkjer også fram Horse of hounors og 3-åringen med det klingande namnet Bidibidibombom.
– Hesten er det største talentet eg har vore borti, seier Braaten.
Ein anna talentfull hest hos Stall Ruskeli er Rubin Stern. Ein 2-åring frå Sverige som enno ikkje har eigar. Braaten henta andelshesten han for tri veker sidan og meiner han er lovande.
– Eg likar han veldig godt. Det er ein stor hest med eit langt steg, som kan trav, fortel Braaten.
Braaten opplyser at det enno vil gå eitt år før hesten er klar for løp, men om hesten er like god som faren kan det bli bra.
– Rubintor Pri sette svensk rekord både som to- og triåring, seier Braaten, og opplyser at ein del i hesten kostar 5.000 kroner.
Care Cheval med vinnarsjanse
Det deltek fire Vest-Telemark-eigde hestar i årets påsketråv på Klosterskogen travbane i Skien i helga. Anders G. Evje frå Flatdal har med hestane Kjelding i V5 1. avdeling fredag og Care Cheval i det tredje V5-løpet. Same dag er også Super Midnight, eigd av Asbjørn Lognvik frå Flatdal, med i det femte V5-løpet.
Laurdag stiller Frigg Elden, eigd av Kristian og Svein Versto frå Vinje, i det siste V75-løpet.
TAs tråvekspert Kurt Hella trur Care Cheval er den av dei fire med størst vinnarsjanse.
– Det er ein god hest, som gjekk bra på Bjerke sist. Eg har ranka han som eit tredjeval, men han kunne like gjerne vore fyrsteval. Fire hestar er jamngode og Care Cheval må spelast, seier Hella.
Like optimistisk er han ikkje for dei tri andre.
– Kjelding har ingen vinnarsjanse, sjølv om han viser god form. Super Midnight heldt på å sjokkere for tri startar sidan, men har vore dårleg i dei to siste løpa. Normalt sett er han ikkje med i kampen om siger. Hesten har ikkje vunne på to år, og eg blir overraska om han gjer det no. Frigg Elden kan kjempe om ein tredjeplass. Sigeren er bortbestilt til Best Elden som er overlegen i høve til konkurrentane, meiner Hella.
Fredag er det Klosterskogen eliteløp med telemarkshestane Moe Odin og Telenor Best mot hestar som Spikeld og Bokli Eld. Laurdag er det to storløp. I Habibs minneløp deltek mellom anna den danske hesten Ian Rush, Joker C.N., Viking Ribb og Mystical Dream. I det andre storløpet laurdag, Pytt og pannes grand prix, kjempar mellom andre Thai Tanic, Tib Crown, Super Ari og Zoomin O om fyrstepremien.