Tyske studentar i nød på Besso

Dette er tenkt for kommunikasjon mellom nordmenn og norgesentusiaster. Det skal også tjene til språkopplæring og fordypning av norskkunnskaper. Innlegg på norsk er ikke bare tillatt, men til og med ønsket!

Tyske studentar i nød på Besso

Beitragvon magne » Sa, 26. Mär 2005, 19:34

Påskefjellet har i år lokka mange turistar opp i høgfjellet.Eg har nettop kome heim att ifrå Hardangervidda.Turisthytta Besso http://www.besso.no/ har hat mange turgåarar innom.Dei siste åra har fleir og fleir unge oppdaga kor fint det kan vera i fjellet i påsken.Også ei gruppe tyske studentar kom innom ,diverre hadde nokre av dei alvorlege gnagsår.Politiet måtte hente dei og få dei til bilvegen Rv-7.
Hardangervidda er stor med lange avstandar, det er svært viktig å vere forberedt på det som møter deg.Det er ikkje råd å avlyse turen når du er midt inne på vidda.Stort sett har utenlandske turistar i fjellet bra utstyr,men det hender av og til at vi møter personar som er for dorleg utstyrt.
Huks at det er ikkje berre deg sjøv de utsett for fare ved å vera dorleg forberedt,men også dei som må ut å leita etter deg.
Når uveret står på i fjellet er det ingen som kan oppholde seg ute.Påsken for 7-8 år sidan hadde vi ein slik storm.Vertinna Aud gav streng ordre ingen fek lov å gå ut døra,ikkje ein gong på toalett.

Vis fjellvett Magne
magne
 
Beiträge: 75
Registriert: Sa, 31. Aug 2002, 18:26
Wohnort: Ulvik i Hardanger

Zurück zu Forum på norsk

Wer ist online?

Mitglieder in diesem Forum: 0 Mitglieder und 4 Gäste